|
Skrevet av Administrator
|
|
Wednesday 07. November 2007 |
|
Av matskribent Liv Mæle
No i november er det mange som tek for seg julebaksten. Det er noko for seg sjølv når vi finn fram mjøl, sukker og bakepulver, og så alt dette som er attåt: kjevle, baketrinse, utstikkarformer til kakemenn o. a. Ja, det er framfor alt triveleg og moro , ikkje minst for dei som er yngre. Det gjev gode minne, kribling og store forventningar, og dette er verdifullt! Det er så mykje som kjem fram på netthinna, når denne prosessen er i vente, og eg ser attende på mi ”fartstid”! Trur du at eg har sett mange i undervisningskjøkken rundt om som har gledd seg slik at dei mest ikkje kunne vente til eg vart ferdig å forklare - - ! Attåt kjem den gode lukta som når nasen, ikkje berre til den som bakar, men som ikkje er så langt unna - ! Det er like moro om ein bakar heime og. Hugs det!
|
|
Sist oppdatert ( Wednesday 07. November 2007 )
|
|
Les mer...
|