|
Har tid når nokon treng dei |
|
|
|
|
Skrevet av Daniel Dyrnes
|
|
Wednesday 10. September 2008 |
|

OMSORGSPERSONAR: Desse tre damene, f.v. Astrid G. Gjerde, Karen
Pettersen og Hanne Beate Mæle er entusiastiske drivarar av
Mandagskaffen, så også denne ettermiddagen i Nersetra.
Ordet kreft er gjerne det ordet som vi menneska aldri sluttar å reagere på same kva situasjon og fase vi er i i livet. Karen Pettersen og teamet bak Mandagskaffen i Aure lever med dette ordet og følgjene denne snikande og livstruande sjukdomen får så å seie kvar dag. Å vere kreftsjukepleiar kan i beste fall karakteriserast som krevjande, og for dei som arbeider med dette vil nok begrepet omsorg ha ein unik plass i dei daglege gjeremåla.
I 8 år har heimetenesta i Aure, med Karen Pettersen (og til nyleg Kari Gjerde) i spissen, teke pasientar og pårørande påverka av kreft i ei eller anna form på alvor. Mandagskaffen har vorte eit verdfullt innslag i kvardagen både for hardt prøva menneskje i nærmiljøet. Gjennom denne treffstaden kan dei som er råka møte andre med meir eller mindre tilsvarande skjebner, og her kan ein få både omsorg og opplysing. – Vanlegvis har vi ein fagleg bit på programmet når vi har ordinære samlingar t.d. i Raudstua i prestegarden, fortel Karen Pettersen. – Vi legg elles vekt på at dette ikkje er ei sorggruppe, sjølv om sorga er ein del av kvardagen vår. Vi opnar gjerne stunda med å tenne lys og minnast dei som er gått frå oss sidan sist vi var samla, og stemninga svingar ofte frå det sorgfulle til det meir lystige, fortel Pettersen, som forøvrig no har fått redusert stillinga si som kreftsjukepleiar til 20 %, noko verken tilsette eller pasientar er særleg nøgde med.
|