|
Aure kommunestyre og vindkraft |
|
|
|
|
Skrevet av Administrator
|
|
Thursday 27. November 2008 |
Aure kommunestyre og vindkraft
På kommunestyremøtet på Aure Gjestegård 30.10.08 vart det fatta eit vedtak som kan vise seg å få fatale konsekvensar for kommunen. Med senterpartiordføraren si dobbeltstemme vart det opna opp for at det kan byggast vindkraftanlegg i Aure. Stikk i strid med massiv motstand frå breie lag av folket.
På tross av alle innspela til kommuneplana mot vindkraft, frå grunneigarar, enkeltpersoner, hytteeigarar og ein grundig uttale frå EVAK, har mange av politikkarane valgt og sjå bort frå desse innspela. Dette viser dessverre nok ein gong at politkkarar ikkje er til å stole på.
Kan også i same slengen vise til debattmøte i Skogvang føre siste kommunevalg der underteikna spurte samtlige politiske parti i Aure om korleis dei stilte seg til vindkraft i kommunen. Med unntak av representanten frå senterpartiet var samtlige parti meir eller mindre negative til vindkraft då.
Vel eit år seinare, på kommunestyremøtet 30.okt.var det berre eit fåtal representantar som hadde lagt seg dette på minnet. Forslaget ”Aure kommune vil på prinsippielt grunnlag avvise vindkraftproduksjon i kommunen”, sett fram av Ivar Husby/Krf, fikk berre tre stemmer. Eit liknande forslag frå Høgre fikk også berre fem stemmer. Dette var eit veldig skuffande, ja nesten oppsiktsvekkande resultat ettersom ”Hovudutvalg for kommuneutvikling” tidlegare hadde teke ut alle retningslinjeområda for vindkraft i Aure. Kvar har det blitt av alle vindkraftmotstandarane i Aure kommunestyre? Ikkje ein gong erklærte vindkraftmotstandarar i Arbeiderpartiet kunne støtte eit av forslaga frå Krf eller Høgre .
I staden vart forslaget ”Aure kommune vil vurdere vindkraftproduksjon i kommunen” det som fikk fleirtal. Det som var aller mest skuffande ved dette forslaget var at det kom frå ein representant frå Venstre, eit parti som hevdar og vere opptatt av å ta vare på naturen og miljøet rundt seg. Skal tru om den same representanten hadde vore like ivrig tilhengar av vindkraft dersom vindturbinene skulle plasserat på Bergsfjellet, Rostolen, Ormsetfjellet, Steingeita eller i Aurdalen? Eller er det slik at det ikkje er så nøye med naturen på Ertvågsøya, Tustna eller Skardsøya?
Med dette vedtaket har kommunen gjeve klarsignal til utbyggarane om at dei kan gå vidare med vindkraftplanene. Det som no kjem til å skje er at prosjekta skal konsekvensutredast. Og da blir det opp til N.V.E. om det blir utbygging eller ikkje. Då kan det visa seg at kommunen ikkje får så mykje den skulle ha sagt. Og dersom vindkraftutbyggarane først får ein fot innom i kommunen kan like godt fjella rundt Aure sentum bli dei neste på lista. Områda er vel like godt egna der som på Ertvågsøya skulle ein tru?
Hadde eit av dei kloke forslaga, framsett av Krf eller Høgre, fått fleirtal hadde det vorte veldig vanskelig for utbyggarane å gå vidare med planene sine. Og vindkraftdebatten hadde stilna av.
No kjem i staden kampen mot vindkraft og naturøydeleggingar til å fortsette, og vi kan koma til å oppleve harde frontar på begge sider.
Med dette vedtaket er eg redd for at politikarane i Aure har gjort eit veldig uklokt valg.
Magnar Lien
|