Startside arrow Alle artikler arrow Samfunn og politikk arrow Godtek ikkje nedlegging
 

Fra våre lesere

Leserinnlegg
 
Godtek ikkje nedlegging PDF Utskrift E-post
Skrevet av Anders Todal   
Wednesday 14. January 2009
godtek_ikkje_nedlegging_straumsvik_skole_nvn.jpg
MARKERING: Søndag var det spontan markering ved Straumsvik skole, der 100 foreldre, barnehagebarn og elevar møtte fram.


Dei foreldetillitsvalde ved Straumsvik skole og Ertvågøya barnehage føler at dei har mange bak seg når dei avviser forslaget om at skolen skal leggast ned frå 2011.
Søndag var 100 elevar og foreldre samla til ei spontan markering ved skolen, og foreldregruppa har diskutert forslaga i rapporten som vart lagt fram før jul, der ei arbeidsgruppe foreslår nedlegging av Straumsvik skole.
 
God skole
I følge rapporten kan nedlegging i tillegg tilo å gi store innsparingar i drift, også løyse problema for barnehagen, som har for lite plass og som driv på dispensasjon.
Men foreldra vil ikkje bytte skole mot ny barnenehage.
– Vi vil ha skolen slik den er. Den er liten, men har eit stabilt elevgrunnlag. Straumsvik er ikkje prega av den same generelle elevnedgangen som andre skolar. Det er tilflytting til kretsen, og vi er redde for at nedlegging vil ha samfunnsmessige konsekvensar som rapporten ikkje går særlig inn på. Vi ser ikkje at det er grunn til å legge ned ein skole som fungerer, som har eit så unikt uteområde, og som har eit tett fagleg miljø der skole og barnehage samarbeider godt, seier foreldrerepresentant Aud Bente Skar.

Viktig engasjement
Rapporten er ute på høyring med frist 20. januar. Dei tillitsvalde oppfordrar om at så mange som mulig deltek i prosessen.
– Engasjementet til no har vore stort og positivt. Vi har hatt foreldremøte der stemninga er veldig tydelig mot forslaget om å legge ned skolen. Når vi skal uttale oss til rapporten vil vi stille spørsmål både ved talmaterialet, og ved at konsekvensane for samfunnet i liten grad er vektlagt. Dette er ei alvorleg sak som vi meiner angår ikkje berre foreldra, men alle som bur i kretsen, seier foreldrerepresentant Geir Nielsen.
Onsdag var det kalla inn til åpent møte om saka i grendahuset Bergtun i Foldfjorden. Dit var både ordførar og rådmann inviterte.
Sist oppdatert ( Wednesday 14. January 2009 )
 
< Forrige   Neste >
 
Veiholmen.com

Relaterte artikler