|
Kvardagsmat
– med enkle og gode oppskrifter
Det går mot ei lysare årstid, og vi ser at sola kjem fram og gjer dagane lengre.
Eg hugsar forresten at det var noko som kallast: ”Bleiketid ”. om lag på denne tida, og det vil seie at kvite klede vart ”lagt på blækja”. Ein nytta seg da av snø og sol utover, for vi snakka ikkje om perborat og optiske kvitemiddel i vaskepulveret i min oppvekst. Ein vaska og koka kleda ”for hand”, og da var det godt at sola kunne hjelpe til med og få kleda kvite. Ein fann fram dukar. serviettar. lommetørklede. kvite laken og anna som trong seg litt bleiking. Flekkete klede vart kokte i storgryta, vaska, skylte og hengde på snora klissvåte, eller lagt på rein snø, på ”blækja”, klissvått. Solstrålane virka meir effektivt og sterkt når kleda var riktig våte. Det var ofte ved ein bekk bleikinga og da skyljinga av vasken gjekk føre seg. Ja. heldig var den som hadde ein bekk, eller ei elv attmed huset. Reine velsigninga!
Det var ofte faste dagar ein hadde til slikt og anna arbeid, og det var nok godt med eit måltid mat attåt. I større hushald var arbeidet oftast godt organisert . Der gjekk det føre seg med handmakt og andre tidkrevjande metodar. Men i dag veit vi mest ikkje om anna enn det som tek minst tid! Vi er nok bortskjemde!
Når eg no tenkjer på mat frå farne tider etter arbeidsøkta, så skulle eg gjerne hatt gamalsalta sei med grov potetstappe, bacon og gulrot. Attåt ville eg hatt ei mjølkesuppe, for denne dempar tørsten. Du må vatne godt ut fisken, i alle fall!
Likevel så vel eg ein annan meny i dag, for di eg trur du kan lage dette utan oppskrift frå meg. Eg har forresten ikkje gamal, salta sei, heller Men du verden for ein mat dette er! Denne gjekk eit år av med sigeren som den beste fiskeretten i landet!
Her kjem dagens rett frå meg:
Saltfiskball
1 kg salt fisk, gjerne sprengd eller gamal, salta sei som må vatnast ut, sjølvsagt
600 g rå poteter
100 g kokte poteter
100 g flesk, eller før var det nyretalg
50 g løk
ca. 2 dl byggmjøl
½ ts peppar
¼ ts ingefær
50 g salt flesk i terningar for å ha inne i ballen
Servere med gulrot og smelta smør , eller det du synes best om Som drikke er eg van med sur mjølk, men det er igjen smak og behag so avgje
Fjern skinn og bein frå fisken, og mal fisk, poteter, løk og flesk 2 gonger på kverna. Brukar du food-prossesor får du passe på at det ikkje blir for lenge
Ha i alt anna, og det kan tenkjast at poteter og fisk er såpass blaut at du må ha i meir mjøl Det går og bra med kveitemjøl, og ein kan blande i litt tå kor.
Lag store, runde ballar med eit par fleskebitar inni kvar ball, men du kan og sløyfe flesket.
Kok opp ca ¾ l vatn, og legg ballane i det fosskokande vatnet. kok i ca ¾ time. Prøv og smak om det heile er ferdig. Dette er retteleg tradisjonsmat frå fylket vårt og andre stader.
Trønderrose
– ein velkjend gjærbakst frå husmorskolen
35 g gjær
3 dl. lunka mjølk
1 egg
2 ts reve sitronskal, frå godt vaska sitron
1/2 ts salt
125 g smelta marg.
¾ dl sukker
ca 12 dl kveitemjøl, eller 600 g. Du må prøve deg fram.
Fyll:
3 ss halvt smelta marg.
3 ss sukker
1 ts kanel
vel 1 dl rosiner
1 dl hakka mandlar, eller bruk av mandlar og rosiner som du har igjen frå jule-gløggen. Dette er verkeleg ein god måte å bruke opp det som elles kan bli liggande i ein pose----
Egg til pensling og event hakka mandlar oppå før steiking.
Bruk miksmasteren, eller lag for handa ein god, varmheva deig. Hugs at gjærsoppen dør ved over 40 grader Det er betre at det er litt for kaldt enn for varmt!
Hev deigen i ca. 30 min, og trill da ut ei 1 m lang pølse. kjevle ut pølsa i 30 cm breidde. Smør utover fyllet, og dryss over rosiner og mandlar. Rull pølsa fast saman, og del denne i 2 på langs. Sno dei 2 delte pølse-lengdene med snittflatene opp, og form ein stor ring. Hev trønder-rosa med plast og klede til dobbel storleik. Pensle og strø på mandlar. Steik eventuelt midt i omnen, eller litt nedafor midten. Det spørs korleis omnen din er. Dette bakverket kan du og lage kringle, eller bladkrans av, eller stenger som kan vere praktisk å fryse ned. Det er lett å tine opp til kaffebordet, og er triveleg å ha når sola etter kvart inviterer oss ut i solveggen. Ha ei fin helg, og så vonar eg at dette kan vere verd å prøve!
|