|

FORSYNA: Ikkje rart tante Jutta (Marit Helen Skipnes) blir noko opp i
det når Didrik Olsen (Svein Skar) entrar arenaen i ei heller animert
utgåve.
DREG SEG TIL: Mot slutten snører nettet seg meir og meir, men dei
fleste slepp med skrekken: F.v. Doktor Mummelmann (Mikael Bjørnholm),
tenaren Ferdinand (Aljosa Lovric), kona til Ferdinand, Lene (Mona
Myren), Didrik Olsen (Svein Skar), tante Jutta (Marit Helen Skipnes) og
endeleg Harsk sjølv (Jorid Vaag).
HELSING: også ordførar Ingunn Oldervik Golmen t.h. hadde funne vegen til
Vihalsen under premieren. Her deler ho ut blomster og godord til f.v.
Trond Torseth, Marit Helen Skipnes og Jorid Vaag.
Jutta & Co i storform
AURE: UL Nordlys på Skarsøya kan puste letta ut i trygge viten om at dei nok ein gang har levert varene. Farsen ”Tante Jutta fra Kalkutta” satt som eit skot då han hadde premiere fredag kveld for fullsett sal.
Daniel Dyrnes
Lik dei fleste farsar kan heller ikkje handlinga i ”Jutta frå Kalkutta” seiast å vere verken djupsindig, tankevekkjande eller særskild interessant. Stykket er ei nærast endelaus rekkje av forviklingar og misforståingar. Her blømar kjærleiken, og ingen kvir seg for å ta ein ”spansk” ein, eller kanskje det er indisk i dette tilfellet. Her finn du den kjærleikshungrande, mislukka sakføraren Hans Harsk (Jorid Vaag), her finn du ein av klientane hans, forfylla og notorisk på utkikk etter tjuvgods. Og sjølvsagt dukkar ein heller ubeleileg og ikkje så velkomen gjest opp, i dette tilfellet sjølvaste tante Jutta som til vanleg bor i Calcutta. Kva gjer ein så for å skjule løgnene som nevøen (Harsk) har servert tante Jutta ? Det er dette stykket handlar om, om ein skal kalle det handling. Og merkeleg nok flaskar ting seg relativt bra for dei som ikkje har det reinaste mjølet i posen. Tilfeldigheiter spelar på lag, og ingen blir meir enn så passeleg avslørt. At det heile endar nærast latterleg med at Didrik Olsen (Svein Skar) som segnar om på scena, får så vere, handlinga er utelukka koka i hop for å underhalde.
Underhaldning
Og underhaldning fekk vi servert på Vihalsen denne fredagskvelden, og det til gagns. Her var eit ensemble så fullt av speleglede og profesjonalitet at knapt nokon , vil vi tru, streifa innom tanken på å sjå på klokka. Ti aktørar var i sving på scena, med stor spennvidde i alder og erfaring. Fire av desse var debutantar, og dei kom absolutt utmerka frå oppgåva. Ikkje minst tykte vi Aljosa Lovric gjorde ein fin figur som Ferdinand, tenaren til sakførar Harsk. Mikael Bjørnholm som Doktor Mummelmann synte og gode takter, og må aspirer til tittelen kveldens mest kreativt sminka. Det er likevel ikkje til å stikke under ein stol at det var de eldste og mest rutinerte som tok denne nokså lettbeinte historia opp i dei store høgder. Jorid Vaag som sakførar Hans Harsk, med adresse Kristiansund (på 70-talet), var nok ein gong strålande. Timing, mimikk og språkbruk er berre frapperande.
Uforligneleg spel
Viss det nokon gong skal delast ut ein språkpris i Aure bør Vaag vere ein klår kandidat, her er det ikkje mykje knoting. Og så må vi sjølvsagt ikkje gløyme Svein Skar, som nok ein gong gjer ein uforgløymeleg figur. Å spele full på scene og skjerm er langt frå enkelt, ofte blir det direkte pinleg. Svein Skar spelar imidlertid rolla som den fordrukne Didrik Olsen med ei slik overtyding at vi mest kjenner osen av gamal fyll utover i salen. Uforligneleg. Nemnast må og at sminking og kostymer var skikkeleg forseggjort, og i vår kvardag er det sjeldan du opplever stemmevolum som ber utan elektroniske hjelpemiddel. Dette var ikkje noko problem under framsyninga på Vihalsen, her var volum så det heldt.
Stykket vart da og strålande motteke, og skodespelarane vart avbrote av spontan applaus ei rekkje gongar. Vel fortent, for eit ensemble som har innpå 40 øvingsdagar på nyåret, og som for 13. gong klarer å begeistre eit trufast publikum. Og fekk du ikkje med deg stykket i helga som var, er det ein ny sjanse til helga. Hermed anbefalt.
|