SER DU NO
 

Fra våre lesere

Leserinnlegg
 
Mat fra Mæle PDF Utskrift E-post
Skrevet av Administrator   
Wednesday 16. September 2009

Jakta er i gang, eller er rett om hjørnet! Deter mykje godt kjøtt som kjem i butikken no, og vi gler oss over både det eineog det andre av fint kjøtt.


Orientalsk gryte

 

Vend terningane i ei blanding av mjøl, salt,peppar, karri og ingefær. Det er ei smaksak kor mykje ei tek med av krydder,men ei teskei salt er noko ein kan starte med. Sidan ofte krydder har lege eistund, må ein nok prøve seg fram med litt først, og kanskje litt meir alt ettersom --. Ei halv teskei av kvart er i alle fall eit bra utgangspunkt. Det åsmake til maten, er kjøle viktig. Ja, kanskje noko av det aller viktigaste førein set punktum før servering. Ikkje alle toler kveitemjøl, og da er maizena eifin løysing. Det er greitt å starte med ei spiseskei av mjølet, skulle vi tru.

Brun kjøttet i smør eller margarin, eller ogsåolje, og ha i

2 ss tomatpure

2 laurbærblad

vatn til det går så vidt over kjøttet

La alt surre smått og fint i ca 3/4 time. Rørav og til så det ikkje svir seg, og ha lokket nesten på.

Ha i 2 store løk i skiver

4 tomater, fri for skinn

3 dl fløyte La alt surre ved svak varme, ogdet skal vere møyrt og smake godt.

For at dette skal bli retteleg kosemat, kan duordne til dette attåt:

3 skiver ananas i terningar

3 bananer i skiver

2 ss rosiner

Litt smør i ei varm steikepanne, der du venderi alt dette.

Ha kjøttretten over i ei lita serveringsgryte,og slå dette frå steikepanna over.

Servere med kokt ris, og små skåler med syltaingefær, chutney, kokos, rosiner, hakka annanas, mandlar og peanøtter. Det erder noko som heiter chilinøtter, som er peanøtter med godt krydder utapå.

Ja, dette er kosemat frå "Østen".Ein kan velje ut det ein likar, og ikkje alle vil ha alt like mykje krydra. Deter spennande å prøve seg fram. Slike rettar har ofte innslag av surt og søtt.

Eg vil nok like ein salat attåt denne menyen.Da treng ein ikkje ha så mykje smak på den dressingen til salaten Ein kan settefram ein ferdig, slik at den einskilde kan velje mengde dressing på.

Forslag til salat:

Salatblad i tynne strimler

Tomat i små terningar eller båtar

hermetisk mais og bønnespirer

Reve gulrot, eller tynne gulrotskiver,strimler med kinakål, paprika i terningar er nokre forslag.

Sitron, sukker og litt varn er ein enkerdressing. 

 

Plomme er eifantastisk, god frukt, og no er det mange som ikkje veit si arme råd kva deiskal gjere med den. Det er fint med frysaren, og ein tek det da når ein får tidog lyst, anten det er til saft eller syltetøy. Plommesyltetøy er svært godt,til mykje. og ei plommekake i staden for eplekake er friskt og godt med iseller krem til.

Eg vil gje deg ei oppskrift på ein plommepai idag, og denne kan brukast til både dessert og kaffe. Har du ei paiform, er detgreiast. Du kan også bruke ei rund kakeform. Men det går an å ønske seg eipaiform, eller kjøpe seg ei. Du vil få god bruk for den, om du tenkjermiddag,(skinke-pai), eller bær og frukt til søte paiar.

 

Plommepai

150 g kveitemjøl

75 g smør

1 ss sukker

1 egg

 

Plommekrem

1 l plomme

1 1/2 dl sukker

2 egg

2 dl kremfløyte

2 ts vaniljesukker

2 ss mandlar

Krem

3 dl kremfløyte

1 ss sukker

Smuldre smøret i mjølet, og ha i samanslegeegg og sukker. Rør deigen saman, og kle den i ei paiform, eller ei rundkakeform på ca 24 cm i diameter.

Del plommene, og fjern steinane. Legg plommenetett saman over heile deigen. Strø på sukker. Visp egg, fløyte ogvaniljesukker, og ha blandinga over plommene. Ha

 hakka mandlar, og steik ved 180 grader på 1.rille, ellerflytt kanskje litt opp om du ser det trengs. Etter ca 40 min. er det nokferdig.

Server paien varm, lunka eller kald med kald,vispa krem.

Når oktober kjem, må vi starte med noko tiljul. Og eg skal tru kva du ønskjer det kan vere? Det skulle vore artig og vorebåde på Smøla, Tustna og Aure og smaka på julekaker, rull, sylte og andre godegreier. Eg er sikker på at eg kunne hatt mykje å lære. Men før det heilestartar, må eg sjå om eg kan finne tyttebær før det blir for seint. Ha ein finseptember!

Helsing Liv

Sist oppdatert ( Thursday 06. May 2010 )
 
< Forrige   Neste >
 

Relaterte artikler