|
Skrevet av Daniel Dyrnes
|
|
Thursday 24. September 2009 |
|
KONKURRANSEKLASSA PÅ VEG
UT: F.v. Even Ulfsnes, Kåre J. Grønbech, Ole Roald Torset, Per Eilert Orten og
Margaret David Ås.
I klasse 30 – 39 år brukte han 37.14 i den noe
kuperte løypa. Nærast kom det ein kanskje kan kalle ”årets nykommar”, nemleg
Even Ulfsnes frå Ertvågøya il, på tida 40.22 (kl 17 – 29 år). Veteranane Per
Eilert Orten og Ole Roald Torset i pluss 55-årsklasse, som stort sett køyrde i
tospann gjennom heile løpet, måtte sjå seg slege av ungguten. Torset sneik seg
framom til slutt med 42.30, med Orten 3 sekund bak. Einaste deltakar i
kvinneklassen med startnummer på brystet var Margareth David Ås, som brukte
32.18 på den halve mila. Ho ligg godt an til å ta med seg vandrepokalen, medan
Per Eilert Orten framleis har flest poeng i herreklassa.
Arrangørane Ertvågøya il seier seg glade for
at det denne gongen deltok fleire yngre enn det har vore på mange år, både i
trimklasse og konkurranseklasse var det unge menn i 20-åra, noko som har vore
mangelvare dei siste åra. Trimklassa talde 16 deltakarar, diverre var det ingen
ting å sjå til den retteleg yngre garde, derimot stilte eit par over 80 år opp.
|