Startside arrow Alle artikler arrow Kultur/underholdning arrow Mangfald på allsongettermiddag
 

Fra våre lesere

Leserinnlegg
 
Mangfald på allsongettermiddag PDF Utskrift E-post
Skrevet av Daniel Dyrnes   
Thursday 19. November 2009

syngmedoss.jpg

AURE: ”Syng med oss” i Aure har halde detgåande etter same lest i ti år, og helgas ”ansiktsløfting” var sårt tiltrengt.

”Syng med oss” har vore ein populær møtestad for song ogmusikkglade i Aure i ti år. Mange gjengongarar har møtt trufast opp år etterår,  vår og haust, og det er velikkje få allsongar som har vore ”resirkulert” både to og tre gongar under dessearrangementa. Det er dei ulike musikkgrupperingane i bygda som står forarrangementet kvar sin gong, og tilhaldsstad vekslar etter kven som arrangerer.

Søndag var turen komen til Aure Songlag, og ”åstaden” var somvanleg ungdomshuset ”Skogvang” på Aure. Godt med folk var møtt fram, og vi viltru mange fekk seg ei gledeleg overrasking då søndagen  i Skogvang kunne by på langt meir dendei vanlege to øktene frå kvar besetning. Arrangørane hadde nemleg alliert segmed langt fleire musikkrefter enn det har vore vanleg til no. Her fekk vinygammal musikk frå ”Brechans enkes efterfølgere” (dessverre utan komp), menlike fullt med nydeleg salong- og folkemusikk som berre far og dotter Bergfaldog Peder Hønsvik kan det på våre kantar. Fire unge damer frå kulturskulenbidrog med trekkspel og torader, og pianist og organist Alexey Kourbanov haddefått til ei lita avdeling, der ikkje minst samspelet med nemde Hønsvik sat someit skot. Aure Historielag var og invitert for å markere Kulturminneåret, ogdei hadde naturleg nok satsa på jula, denne gongen i form av m.a. juletrepyntog julekort frå ”forna dar”. Unni Elden Todal heldt eit lite foredrag om mangejuletradisjonar, godt ”tima” og litt tankevekkjande, kanskje, for somme.Verbalt innslag også frå Thore Jarl Lindaas, som som vanleg gjorde stor lykkesom Hyldbakk-tolkar.

 

I rute

Dei  faste aktørane,dvs kora og toraderlaget fekk naturleg nok også sine avdelingar, og særleg deivokale innslaga viser at mange har nytta hausten godt. Damene i ”Artig læll”dokumenterte  flott form, og medkjende låtar av m.a. Bjørn Eidsvåg og ”Vamp” gjorde dei skikkeleg frå seg. AureSonglag var og absolutt på plussida. Dei satsar mest på song medakkompangnement (Alexey Kourbanov), men under sitt eige arrangement fekk viogså høyre dei a capella. Og då ønskenummeret Gabriellas song tona ut, var dertrampeklappen sponatan og ekte. ”Kor i all verden” leverte som vanleg eit liteknippe som teke rett ut av Ønskekonserten, og husorkesteret stilte  trufast opp, litt redusert på kompsida,rett nok, men lovens lange arm treng og mannskap. Ein litt annleis ”Syng medoss”-ettermiddag altså, som vel sprengde alle tidsrammer. Like fullt heldtpublikum trufast ut til alle gevinstane var fordelte og tonane av sisteallsongen, ”Danse mi vise”, hadde tona ut.

 

øren Aure Songlag,som forøvrig hadde "sprita opp" arrangementet med varierte musikalskeog verbale innslag.

 
< Forrige   Neste >
 

Relaterte artikler