|
Frivilligplan på fylkesnivå |
|
|
|
|
Skrevet av Administrator
|
|
Thursday 26. November 2009 |
Innlegg:
Frivilligplan på fylkesnivå
Einingsfylket Møre og Romsdal har utarbeidd frivillighetsplan på fylkesnivå. Fylkeskulturutvalet skal behandle plana i februar 2010. Det er sett ein frist til 01.12.09 for å kome med innspel til plana. Underskrivne har følgjande synspunkt å gi i denne samanhengen:
Det er ønskjeleg med eit tettare samarbeid mellom kommunale og fylkeskommunale einingar
og frivillige lag og organisasjonar, og dei ulike laga og organisasjonane seg i mellom. Eit godt døme på eit konkret, vellukka samarbeid på fylkesplan er fylkeskonferansen ”En god ”høst”. Alder ingen hindring”, som blei halden i Molde 28.10.09. Konferansen var eit samarbeid mellom tre sentrale aktører innan eldreomsorga i Møre og Romsdal, Fylkeseldrerådet, Pensjonistforbundet og Nasjonalforeningen for folkehelsen.
Mange eldre i fylket vårt brukar mykje tid til arbeid i ulike frivillige organisasjonar. Dette er aktivitetar som gjev kjensle av å vere til nytte og vere ein del av det samfunnet vi lever i. Dette kan føre til betre helse og livskvalitet for den enkelte.
Den veksande delen av eldre er ein kjemperessurs som fylket gjennom sin frivilligplan kan synleggjere og nytte seg av.
Planen bør konkretisere korleis den relativt store delen av passive eldre kan takast i bruk til gode for den enkelte og samfunnet.
Frivillig engasjement kan som kjend ikkje lovregulerast, men det kan leggjast til rette for engasjement.
Eit utviklingstrekk er aukande avstand mellom det innbyggjarane ventar seg av velferdskommunen/velferdsfylkeskommunen og dei forventningane kommunen/fylkeskommunen realistisk kan innfri. (Vi gjer merksam på at fylkeskommunen på ingen måte er å sjå på som nokon ”overkommune”).
Presset på offentleg forvaltning for å utføre naudsynte oppgåver for publikum er stort. Dette kan i verste fall resultere i avmakt hos innbyggjarane i høve til den kommunale/fylkeskommunale aktiviteten, noko som igjen kan føre til manglande engasjement og ei haldning om at ”kommunen fiksar det meste”.
Mange har trudd at det ”nye samfunnet” skulle løyse menneska sine problem, og samfunnet gjer stadig meir og meir for at alle som har trong om hjelp. Likevel blir det stadig klårare at menneska treng kvarandre. Vi er avhengig av familie, grannar og det vesle samfunnet omkring oss. Kort sagt – vi treng kvarandre for å makte livet.
Menneske med disponibel tid og med eit ønskje om å bruke denne tida til nytte for andre er ein særs viktig ressurs som vi er forplikta til å ta alvorleg. Vi talar om frivillig arbeid på sitt beste. Størst behov for hjelp vil det ofte vere innanfor kontaktskapande aktivitetar innan nærmiljøet. På fylkesplan må ein derfor ha dette forholdet som ein ”ledetråd” i frivilligplanarbeidet. Det bør kome fram i plana kor behovet er størst og kor innsatsen i sterkast grad bør setjast inn.
Professor Peter F. Hjort, tidlegare leiar av Nasjonalforeningen for folkehelsen, har ved eit høve sagt det slik:
”Den viktigste grunnen til at det er behov for frivilllige, er at samfunnet trenger medmenneskene. Frivillig arbeid er en måte å angripe samfunnsproblemene på fordi det åpner øynene våre for at samfunnet er avhengig av at menneskene har omtanke for hverandre”.
Johs. J. Vaag
Nestleiar i fylkeseldrerådet i Møre og Romsdal
|