Startside arrow Leserinnlegg arrow Innlegg: Folket i Aure vil ikkje ha vindkraft!
 

Fra våre lesere

Leserinnlegg
 
Innlegg: Folket i Aure vil ikkje ha vindkraft! PDF Utskrift E-post
Thursday 03. December 2009

Innlegg:

Folket i Aure vil ikkje ha vindkraft !

Meiningsmålinga om vindkraft, utført av ENOVA, http://naring.enova.no/file.axd?fileid=1745   viser at folk i Aure er negativ til vindkraftutbygging på land.
Heile 49% av innbyggarane er negative eller svært negative til slik utbygging.
Mens  bare 37% er positive.
Vidare kan ein lese av meiningsmålinga at 54% av innbyggarane meiner vindkraft er forstyrrande for utsikta. Og 52% meiner vindturbinanlegg er skjemmande å sjå på, og er skadeleg for fugle- og dyreliv.
Mange lurer på kvifor motstanden mot vindkraft er vesentleg større i Aure enn i dei andre kommunane som er med i undersøkinga.
Meiningsmålinga peikar på nokre av svara:
Folk i Aure er opptatt av naturen og meiner vindkraft er skadelig for natur og dyreliv.
Veldig mange meiner fri tilgang på natur er ein av dei viktigaste trivselsfaktorane for å bu i kommunen. Og Aurgjeldingane er glad i å gå på tur, noko den store oppslutninga om turkonkurransen ”Fire fjell” og alle dei andre trimpostane rundt om i kommunen vitnar om. I tillegg er det mange andre som brukar naturen til for eksempel jakt, fiske og beitebruk. Vi må også ta med at KNT har mange hytter og eit omfattende nett av merka turløyper i kommunen.
Mange av dei som ferdast i Aure-naturen fryktar ei rasering av sine kjære turområde dersom områda skulle bli forvandla frå jomfruelig villmark til industriområde.
Vindturbinene på Smøla og Hitra er veldig godt synlig frå mange plasser i Aure til tross for at desse områda ligg milevis unna. Og mange synes dei er skjemmande å sjå på. På den panneflate Smøla er det mange som ikkje ser møllene frå heimane sine. Noko heilt anna blir det i Aure der vindturbinene er tenkt plassert oppå fjellryggane tett innpå der folket bur.
Trur også at ein god del av Aurgjeldingane har skaffa seg kunnskap om emnet og ser at vindkraftutbygging har mange negative sider. Og ikkje bare positive slik ein kan få inntrykk av gjennom argumentasjonen frå vindkrafttilhengarane om ”ren fornybar kraft”.
Sjølv om dette bare er ei meiningsmåling, så er det ei stor oppmuntring for oss som er overbevist om at Aure i framtida har alt å tjene på å avstå frå vindkraft.
Det er også verd å merke seg at utbyggere er veldig ivrige til å ta slike meiningsmålingar til inntekt for sine interesser der folk er positive til vindkraft. Da står det igjen å sjå om utbygger er like villig til å ta hensyn der folket har eit  negativt syn på vindkraftutbygging.
EVAK
Magnar Lien
 
< Forrige   Neste >
 

Relaterte artikler