Startside arrow Leserinnlegg arrow Øyremerka statlege tilskot til eldreomsorga
 

Fra våre lesere

Leserinnlegg
 
Øyremerka statlege tilskot til eldreomsorga PDF Utskrift E-post
Skrevet av Administrator   
Wednesday 06. January 2010

Innlegg: 

ØYREMERKA STATLEGE TILSKOTT TIL ELDREOMSORGA


Vi har starta på eit nytt år med nye utfordringar. Dette gjeld også for eldreomsorga sin del.  Rundt om i kommunane har ein vore gjennom mange ”rundar” i samband med drøfting og vedtak i budsjettmøta i kommunestyra. Mange stader har ein streva hardt med å kome i mål og få vedtatt eit kommunebudsjett for året 2010. Når innsparingstiltak og kutt skal setjast ut i livet veit ein røynslemessig at tiltak og tenester for dei eldre lett kan bli skadelidande. Det har ein også sett døme på denne gongen.
I min heimekommune Surnadal opplevde vi sist haust at god, sakleg argumentasjon og vedvarande påtrykk frå pårørandeforeninga ved Surnadal sjukeheim under budsjettbehandlingsprosessen for året 2010 førte til gode resultat sett frå brukarane og dei
pårørande sin synsstad. Reint konkret blei eit forslag om å redusere talet på sjukeheimsplassar med 5 av 71 plassar trekt tilbake etter press frå den lokale pårørandeforeninga. Det kan og i denne samanheng nemnast at det kommunale eldrerådet i tide hadde bede om at tiltak og tenester for dei eldre i kommunen i størst mogleg grad måtte bli skjerma for skadelege kutt og innstrammingstiltak ved budsjettbehandlinga.
Kva kan så gjerast for å sikre større ”forutsigbarhet” når det gjeld midlar til eldreomsorga rundt om i kommunane?
Øyremerka statlege tilskott til eldreomsorga etter bestemte fordelingsnøklar kan vere ein veg å gå. Ved hjelp av øyremerka midlar har ein her i landet t.d. lukkast svært så bra med å oppnå godt som full barnehagedekking! Kan ikkje det same gjerast når det gjeld eldreomsorga?  Da skulle det vere større sjansar for å oppnå tilnerma like tilbod for dei eldre uansett kor ein måtte bu her i landet. Men, dette spørsmålet er det ulike meiningar om.
I Tidens Krav av 01.12.09 s.3 har adm. dir. i KS, Sigrun Vågeng, ein kronikk kor ho er inne på den problematikken som her er nemnd. I kronikken heiter det m.a.: ” Kommunene må måles på hvilke resultater de skaper for sine innbyggere, i stedet for at de som bruker mest, blir fremstilt som flinkest. Antall brukte kroner er nemlig ikke det samme som oppnådd kvalitet”. Dette kan eg seie meg fullt ut samd i. Så heiter det vidare i kronikken: ”Skal vi få dette til, må staten i mindre grad detaljstyre ressursene i kommunene og heller bry seg mer om resultater og utvikling. Statlige bindinger som for eksempel bemanningsnormer, er et skritt i feil retning”. Dette er eg ikkje så samd i. For at svaktstilte grupper ikkje skal bli ”parkerte heilt på sidelina” når offentlege midlar skal fordelast må det av og til setjast klåre krav frå sentrale styresmakter til kommunane om korleis statlege midlar skal nyttast. I denne samanhengen må det ikkje overdrivast, sjølvsagt. Dette er mi røynsle etter over 30 år som kommunal etatsjef i helse- og sosialsektoren, 4 år som ordførar og 4 år på fylkestinget som medlem av fylkeskommunen sitt helse- og sosialutval samt i dei seinare åra som tillitsvald i  råd, utval og organisasjonar som ivaretek dei eldre sine interesser.
Det er nemleg ikkje heilt ukjend at kommunar til tider ”kan gå over streken” når det gjeld oppføring av praktbygg og pengebruk av meir luksusprega art, medan det kan vere så som så med oppfølgjinga når det gjeld lovpålagte kommunale tiltak og tenester. Døma finst. For stor kommunal fridom kan i verste fall slå uheldig ut.
Storstilt kommunal spekulasjon med skattebetalarane sine pengar går som kjend ikkje så bra alltid. Vi har t.d. ”Terra-skandalen” for nokre år sidan friskt i minne. ( Terra-skandalen var ein finansskandale i Norge i 2007 som først involverte meklarhuset Terra Securities og 4 nordlandskommunar (fleire kom til seinare) som hadde lånt pengar med sikkerhet i framtidige kraftinntekter og investert pengane i kompliserte fondsprodukt med høg risiko i USA gjennom Citibank). Innbyggjarane i dei kommunane som blei berørte av denne skandalen har nok i praksis merka verknadane av dei avgjerdene som i si tid blei tatt, vil eg tru.
Mi meining er at for å sikre svaktstilte grupper ein viss lik sikra minimumsstandard bør øyremerka statlege tilskott ytast. Inn i denne gruppa kjem, etter mitt skjøn, dei statlege midlane til eldreomsorg.
Johs. J. Vaag

 
< Forrige   Neste >
 
Smøla fiske og fritid

Relaterte artikler