SER DU NO
Startside arrow Leserinnlegg arrow Tidsklemme og frivillig innsats
 

Fra våre lesere

Leserinnlegg
 
Tidsklemme og frivillig innsats PDF Utskrift E-post
Skrevet av Administrator   
Thursday 21. January 2010

Innlegg:

TIDSKLEMME OG FRIVILLIG INNSATS


På mange måtar har vi aldri hatt det lettvintare og aldri hatt meire fritid enn no. Samstundes har vi heller ikkje hatt det så annsamt. Vi har fått uttrykket tidsklemma. Og tidsklemma er ein realitet for mange.
Den tradisjonelle tidsklemma oppstår når ein t.d. opplever ein krysspress-situasjon mellom omsynet til små barn og omsynet til arbeidet. Men det er ikkje berre når barna er små, at ein opplever krysspress. Den ”dagsaktuelle” tidsklemma oppstår gjerne når ein både har ansvaret for jobb og gamle foreldre og kanskje i tillegg, barn og barnebarn. For dei som står midt oppe i ein slik situasjon blir det på ein måte gale same kva ein gjer. Ein skal helst vere på to eller fleire stader til same tid. Og det går som kjend ikkje i praksis!
Eg vil tru at mange besteforeldre rundt om er til stor hjelp for t.d. småbarnsforeldre som strevar med å få tida til å strekke til. Tidsklemma ville nok bli langt meire merkbar for mange i denne gruppa om alle besteforeldre slutta med å hjelpe sine barn og barnebarn for ei tid.
Vårt gode og etter kvart omfattande velferdssamfunn fangar ikkje opp alle moglege situasjonar og har ikkje nødvdendige støtteopplegg for ein kvar situasjon. Det må av og til takast avgjerder på sparket, og da må familien ofte ta eit tak. Gode vener kan også vere gode å ha når det verkeleg røyner på.
Forskaren Heidi Gautun i Fafo seier at det er ein myte at nordmenn ikkje tek vare på sine eldre. Hennar nyaste forskingsprosjekt konkluderer med at familien står for halvparten av alt omsorgsarbeidet for eldre i landet vårt. Medan familien er den viktigaste hjelpekjelda for dei med med lettare hjelpebehov, er den offentlege eldreomsorga mest aktuell for eldre med trong for mykje hjelp. Delen eldre i befolkninga stig stadig i høve til dei yrkesaktive. Eldrebølgja er like om hjørnet. I framtida må ein rekne at det blir færre til å ta hand om dei eldre. Pårørande kan i gitte situasjonar bli tvinga til å bruke feriedagar, sjukedagar, og betalte og ubetalte permisjonar for å hjelpe foreldra sine. Dette trass i at staten har eit lovpålagt ansvar for å pleie
eldre og sjuke. Det blir no i visse krinsar slått til lyd for at yrkesaktive også må få fridagar for å kunne følgje opp sine foreldre på same måte som for barna.  Forskar Gautun viser i denne samanheng til at Storebrand har innført ein rett til 10 dagar fri med lønn for å pleie sjuke foreldre. Det er å vone at fleire arbeidsgjevarar kjem etter på dette feltet. Kva med eit prøveprosjekt på ein statleg arbeidsplass? Det er god grunn til å tru at storsamfunnet heilskapleg sett vil kunne tene på at flest mogleg arbeidsgjevarar innfører eit slikt opplegg som Storebrand no har innført for sine arbeidstakarar. Ei styrking av den lovpålagte ordninga med omsorgslønn vil og, slik eg forstår det, kunne verke i same positive lei. For å kunne oppnå ein brukbar effekt her bør moglege statlege midlar til dette føremålet øyremerkast.
Vi har ei mengd frivillige lag og organisasjonar i vårt land som yter ein betydeleg innsats for våre eldre. Hjelpa frå desse organisasjonane kan i gitte høve vere med på å minske tidspresset for t.d. yrkesaktive med omsorgsansvar. Dette gjeld ikkje minst på det mellommenneskelege planet. Vi skal heller ikkje gløyme alle enkeltmenneska som hjelper folk som strevar i
i kvardagslivet. Døma på dette er mange. Vi har sikkert fleire eldsjeler og kvardagsheltar enn vi er klåre over. La oss håpe det er slik! Det gir gode voner for framtida.

Johs. J. Vaag
tillitsvald i frivillige organisasjonar

Sist oppdatert ( Thursday 21. January 2010 )
 
< Forrige   Neste >
 
Avisa uteblir

Relaterte artikler