SER DU NO
Startside arrow Alle artikler arrow Samfunn og politikk arrow Global oppvarming avlyst?
 

Fra våre lesere

Leserinnlegg
 
Global oppvarming avlyst? PDF Utskrift E-post
Skrevet av Administrator   
Thursday 21. January 2010

Innlegg:

Global oppvarming avlyst?

Brrrr. Kven kan tru på global oppvarming no? Kan hende er den kuldeperioden vi opplever no eit godt prov på den globale oppvarminga. For eit par tiår tilbake var det ikkje ualminneleg at gradestokken viste tosifra tal blå grader, og det blei nokre dagar i strekk, med frostrøyk og nydeleg rimfrost for den som veit å kle seg eller kan sitje og sjå ut gjennom kjøkenvinduet.
Men vi menneske gløymer lett, og dei siste åra er det same som manns minne. Vi har blitt vant med at vinter er kring null grader, med litt snø eine dagen og litt regn den neste. Men dette er noko vi har hatt mykje meir av dei siste par tiåra, og vi trur altså at det er normalt. Vi har gløymt. Difor kan det vere bra med ei påminning som no. Det er kaldt, men altså ikkje noka forvarsel om ny istid. Det er normalt, og det er dei siste par tiåra som har vore unormale. Den globale oppvarminga blir nok ikkje avlyst av 2 veker med god vinter.
Difor er det ingen grunn til å legge vekk dei gode klimaråda; isolér huset ditt betre, bytt ut oljefyren med fornybar oppvarming, ta bussen i staden for å køyre bil og sjå etter svanemerket eller økologisk mat i butikken.

Øystein Folden
leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

 
< Forrige   Neste >
 
Smøla fiske og fritid

Relaterte artikler