Startside
 

Fra våre lesere

Leserinnlegg
 

RSS feed

Artikler på førstesiden kan du også hente via RSS linkene nedenfor
 
Språkguru Tor Erik Jenstad gjesta Aure PDF Utskrift E-post
Skrevet av Daniel Dyrnes   
Thursday 04. February 2010

sprkguru_jenstad_hovedbilde.jpg

SENTRALE PERSONAR: Her blir Tor Erik Jenstad takka for innsatsen og overlevert eit krus av leiar i Aure Mållag, Kirsti Orheim Ås.

 sprkguru_jenstad_deltakere.jpg

VINNARBORDET: Her var det tydelegvis mykje god dialektviten samla, f.v. Reiar Lie, Unni Todqal, Johnny Haltbakk, Kari Haltbakk, Knut Baardset og Liv Baardset.

Språkguru Tor Erik Jenstad gjesta Aure

AURE: – Ingen ting sjokkerer meg lenger når det gjeld bruken av språk og bortfall av språk, sa Tor Erik Jenstad då han i regi av Aure Mållag kåserte på Aure Gjestegård søndag kveld.

Daniel Dyrnes
Jenstad tok forseg ein del utviklingstrekk og trendar innan dialektar og språk i samtida. Han meinte at det som no skjedde på språkfronten var nærast for ein kulturhistorisk revolusjon å rekne, og peika på at dei gamle språkformene og dialektene var nærast ei gullgruve å rekne når det galdt å forstå historia og kva folk har vore  opptekne av inne i hovuda sine gjennom tida.
- Dialekter inneheldt kvart sitt verdsbilete, meinte Jenstad.  Men han var klår over at språket og dialektane var under sterkt press, og at det gamle ordtilfanget var på full fart ut.

Språket vert ikkje likt
– Dei gamle brukar det, 40 – 50 åringane forstår det, medan den yngre generasjonen forstår det ikkje lenger,  sa Jenstad.
Han ville likevel ikkje spå at språket ville normalisere seg og verte likt over heile landet med det første.
– Ein nordlending eller trønder vil ikkje snakka normalisert norsk på lenge, fastslo han.
Men han var langt på veg villig til å avblåse den tradisjonelle språkstriden. Dei fleste forstår verdien av språkleg mangfold, og dei ulike målføra får leve sitt eige liv framover, meinte Jenstad.
Mange hadde vel og sett for seg at Jenstad ville kome litt meir spesifikt inn på trønder- og nordmørsmålet, som han har skrive bøker om og hatt utalege radioprogram om. Dette gjorde han ikkje, i det heile hadde vi vel tålt endå litt meir av både historier og gode fyndord frå sunndalingen, men det fekk vi altså ikkje denne gongen.

Innsamling
Elles er Aure Mållag på trappene med ei ordsamling av ord og uttrykk frå Aure (og Tustna). Ein god del er samla inn, men det er ein god del som skal til før ein er i hamn, kunne leiar Kirsti Orheim Ås fortelje. Ho oppfordra eit nokså talrikt publikum om å bidra, meir mannskap måtte til, var hennar bodskap. Under møtet på gjestegården var det elles ein runde med bordkonkurranse, der det ikkje uventa var om å gjere å gjette tydinga av gamle ord frå den aurgjeldske dialekta. Kaffe og bakels stod elles på menyen på ein vellukka kveld for Aure Mållag.

 
< Forrige   Neste >