|
Innlegg DET LOKALE HEIMEVERNET ”RÅTNAR PÅ ROT” |
|
|
|
|
Skrevet av Administrator
|
|
Thursday 11. February 2010 |
Innlegg:
Indre Nordmøre Forsvarsforening
DET LOKALE HEIMEVERNET ”RÅTNAR PÅ ROT”
Indre Nordmøre forsvarsforening har ved fleire høve peika på den uheldige utviklinga for det lokale Heimevern.
For 2010 vert det for Indre Nordmøre HV-område nok eit år der mannskapane ikkje blir innkalla til trening, det fjerde året på rad. Rett nok har befalet vore inne til befalstrening desse åra nokre dagar. Betre er det ikkje for naboområda Aure og Straumsnes HV-områder, også her har det vore lite trening for mannskapane
dei siste åra.
Etter det ein kjenner til er det økonomien som er årsaka til dette, ein har ikkje hatt midlar til ei fullverdi trening. Midlane er brukte til trening av innsatsstyrkene og nytt materiell! Dette er gode tiltak, men det hjelper lite det lokale Heime-vernsområdet som "råtnar på rot." Skal eit Heimevernsområde kunne fungera er årleg trening av befal/mannskap ein føresetnad. I lag/troppsamband er samtrening, det å vere godt kjente, skape samkjendsle/lagånd, ein avgjerande suksessfaktor. Vi kjenner til at lagførarar i det lokale HV-område ikkje veit kven som er i laget sitt. Lokalkunnskapen blir meir og meir borte til lengre tid det vert mellom treningane. Det er skapt ein vond sirkel som det er vanskeleg å kome seg ut av.
Enno verre er at HV-soldatene ikkje får dei kunnskapene som er viktig å ha for å løyse eit oppdrag når ein ikkje blir trena over så lang tid. I krise/krig kan dette medføra at eigen sikkerhet blir sterkt svekka.
No er signala frå HV-staben at ein tek sikte på at HV-områda får fullverdige treningar annakvart år frå 2012. Dette kan hjelpe noko, men er ikkje godt nok.
Det lokale HV-området er ikkje berre viktig for å verne viktige instalasjoner og samfunnet rundt, men er til stor nytte ved naturkatasrofer og rednings-aksjonar der dei kan rykkje ut når dette tilfredstiller Heimevernslovens § 13. Eit godt trent HV-område har stor verdi for grender og tettstader i krise.
Vi vil sterkt oppmoda våre styresmakter til snarast å sørge for at Heimevernet får dei midlane som trengst, slik at alle HV-områder kan få fullverdige årlege treningar. Dette er ei billeg forsikring for tryggleik i lokalsamfunna!
Indre Nordmøre Forsvarsforening
Styret.
|