|
Skrevet av Daniel Dyrnes
|
|
Wednesday 10. March 2010 |
 Konfirmantane er dei som ser ut til å kunne bringe folket i dei tre kommunane på ytre nordre endå nærare saman. Gradvis er det vokse fram eit spennande konfirmantsamarbeid der dei kyrkjelege konfirmantane frå tre prestegjeld langs Edøyfjorden møtast tre gongar det siste året før dei vert konfirmert. Laurdag var det altså samling på Nordvang, der både eksterne og interne krefter var i sving for å ta seg av og undervise konfirmantane. Jamvel prost Svere Jansen var tilstades, det same var ein gamal kjenning for smølværingane, nemleg kateket i Frei, Tormod Sikkeland som har vore prest på Smøla. Sikkeland er kontaktperson for Kirkens Nødhjelp på Nordmøre, og han konsentrerte seg i første rekkje om den føreståande fasteaksjonen som konfirmantane kvar vår gjennomfører til inntekt for prosjekt Kirkens Nødhjelp står bak. I år går denne av stabelen 23. mars. Eit viktig bodskap Kirkens Nødhjelp no går ut med er forøvrig dei mange farane klimaendringar vil skape for den fattige delen av verda. I den samanhengen sender difor ungdommane i våre sokn, på same måte som i andre delar av landet, i desse dagar ein slags flaskepost til Stortinget der dei peikar på nett desse tilhøva. Flaskene, som er særskild merka for formålet, inneheld eit opprop der avsaendarane har skrive namnet sitt og e-postadressa for å tilkjennegje kva dei meiner om Noreg sin klimapolitikk, og i kva retning denne bør gå. Sikkeland fortalde elles om prosjekt Kirkens Nødhjelp står bak og viste film, og håpa slik at ungdommane ville bli motivert innan dette feltet.
|
|
Sist oppdatert ( Thursday 18. March 2010 )
|