Gamaldags mat frå husmorskolens tid! Ulike rettar av klippfisk. Klippfisk er sterkt salta og tørka fisk.. Vi kjøper denne antenheil, eller oppdelt i stykke. I butikken kan du finne begge deler. Grunna det høge saltinnhaldet, må ein vatne klippfisken oversåpass lang tid som, 1-2 døgn. Bytt vatn fleire gonger. Legg ei rist, eller einkvelva tallerken i botnen. Fisken vert da liggjande litt opp frå botnen. Detteer litt vesentleg, for di salt ertyngre enn vatn. Saltet frå fisken vil etterkvart søkje mot botnen! Derfor vert det meir salt der enn oppmot overflata. 1/2 kg rå, skinn- og beinfri klippfisk gjev ca 3/4 kg utvatnafisk! Klippfiskpudding med brød. 5oo g kokt og reinska klippfisk, eventuelle restar 300 g loff, eller anna kvitt brød 1/2 l mjølk 2 1/2 ss margarin eller smør 2 egg salt? muskatplomme Reinsk bort skinn og bein som kan vere att, og del fisken i småbitar. Skjær bort skorper av brødskivene, før du legg dei i bløytt i mjølka Gje mjølk, brød, fisk og smør eit oppkok. Avkjøl! Ha i eggeplommerog krydder. Stivpisk kvitane, og brett dei til slutt inn i massen. Smak til med salt ogmuskatplomme. Fyll røra i godt, smurt form. Steik i vassbad til det heile ergodt heva og steikt! Det er ferdig etter ca. ein time med 1 form. Er det fleiresmå former, tek det kortare tid. Kvelv puddingen. og server den med kvit saus, tomatsaus ellersmelta smør. Grønsaker attåt Vassbad: temperatur ca 150 grader og vatn i langpanna til 3-4 cmoppover kanten. Steikt klippfisk (frå Troms) 1 kg klippfisk 60 g kveitemjøl. 2 dl mjølk støtt brød for griljering margarin til bruning Gulrot, kokte poteter og bruna margarin attåt ved servering. Del opp utvatna fisk i høvelege stykke. Lag jamning av mjølk ogmjøl, og svell dette i 30 min. Dypp fiskestykka i dette, vend dei i støtt brød, og brun dei langsamt i rikelegmed nøttebrunt margarin. Surrast under lokk ved svak varme til alt er gjennomsteikt! Klippfisk steikt med rømme og tomatar. ca.3/4 kg rå, reinska, utvatna fisk, + kveitemjøl for å vendefiskestykka i ca 100 g margarin 1 1/2 dl seterrømme 300 g tomatar, eller 1/2 boks tomatar persille Del opp utvatna fisk i stykke, tørk dei godt og vend dei ikveitemjøl. Brun alt i nøttebrunt margarin Legg båtar av tomatar ved sida av fisken i panna, og hell rømmeover. La no fisken få surre over svak varme til den er møyr. Pass på at detikkje vert tørt i panna, så drypp over stykka med litt sjy. Servere på fat medpersille eller grasløk. og det du elles kan ha, t.d. purre! Nykokte poteter! Ja, dette er godt! Klippfiskpudding med risgryn 300 g kokt og reinska klippfisk 1/2 l risgraut 3 ss smør eller margarin 2 egg salt? ca 1/4 ts peppar 1 ts sukker Bruk restar av risgraut, eller kok graut av ca 6 dl mjølk. Ha smelta smør/margarin i grauten, og bland i eggepl. fisk ogkrydder. Stivpisk kvitane, og brett dei inn i den heilt kalde massen. Smak til! Fyll alt i smurt form, og steik i ca 3/4 time ved 200-225 graderog på 1. rille i omnen, som til grateng! Server puddingen frå forma med smeltasmør, eller kvit saus Dette er ein god oggamaldags rett som er mild og alle likar! Klippfisk i kål Her kan du lage ein grei middag med klippfisk i staden forlammekjøtt. 1/2 kg rå, reinska, utvatna klippfisk 1 1/2 kg kål 1/2 ss heil peppar 1/4 l krafteller vatn ca 1 ts salt? 2 1/2 ss kveitemjøl 3 ss margarin, eller littrøykt skinke/flesk Legg alt lagvis som til fårikål. La det småkoke til alt ermøyrt, og det varierer med korleis fisk og kål er.. Kveitemjølet brukar eg hamed på slutten, og lagar da ei jamning! Lykke til! Attåt slike rettar var det vanleg med ei mjølkesuppe..! |