|
MÅ FÅ STATUSHEVING Vil det offentlege hjelpeapparatet ha nok personellmessige ogøkonomiske ressursar til kunne ta seg av alle pleie- og omsorgstrengande isamfunnet vårt på ein forsvarleg måte når eldrebølgja sett inn for fullt, omikkje så lenge? Dette spørsmålet vil etter alt å døme bli ei svært så aktuellutfordring i åra som kjem. Statssekretær Roger Ingebrigtsen sa det slik på einstrategikonferanse tidleg på nyåret i år: ”Det offentlige vil ikke kunne takleeldrebølgen alene. Familiene må ta mer ansvar”. Statssekretæren uttala vidare:”Samfunnet vil ikke være bærekraftig nok til at alt skal skje innenforoffentlig sektor i framtida. Kommunene må forberede seg på at familiene vilvære en ressurs i framtida”. Klare ord frå Ingebrigtsen dette. Men, korleisskal vi få det til? I andre kulturar i andre deler av verda er det langt meir vanlegat familien stiller opp og tek seg av sine pleie- og omsorgstrengande foreldreenn kva tilfellet er her til lands. Samstundes er det heller ikkje så mangekvinner t.d. som er yrkesaktive i desse landa. Dette fortel litt om grunnen tildei skildnadane som her er nemnde. I dag er omsorgslønn kommunal betaling til pårørande ellerfrivillige omsorgsytarar med omsorg for personar som har stort omsorgsbehovgrunna alder, funksjonshemming eller sjukdom. Ein føresetnad for å mottaomsorgslønn er at arbeidet går føre seg i den omsorgstrengande sin eigen heim.Ingen har utan vidare rett til omsorgslønn, men kommunen har plikt til å ha eislik ordning. Eg vil tru at det er svært beskjedne midlar kommunane rundt omhar avsett til omsorgslønn på kommunebudsjetta sine. Dette bør det no bli einendring på. Omsorgslønna må få ei betydeleg statusheving! Omsorgslønn er, ettermitt syn, ein måte å signalisere at ein settt pris på den innsatsen deipårørande yter for sine heimebuande eldre. Det er nemleg mange pårørande medtunge omsorgsoppgåver som yter ein framifrå, frivillig innsats for t.d. deieldre i landet vårt. Da bør godtgjeringa, etter mi meining, vere på eit nivåsom er noko meir enn ei symbolsk påskjøning. Det held ikkje lenger med finetalemåtar. Det er ei kjend sak at utgiftene til institusjonsplassar vilvere langt høgare enn kva omsorgslønn vil koste. Dess lengre dei pleie- ogomsorgstrengande eldre blir buande i sine eigne heimar, dess mindre vilutgiftene til den kommunale eldreomsorga bli. Det er derfor svært så prisverdig og gledeleg at regjeringa nohar oppnemnd eit utval, med professor Steinar Westin som leiar, til sjå påordningar for pårørande som tek på seg særleg tunge omsorgsoppgåver over tid.”Utvalget skal se på grenser mellom offentlig og privat ansvar”,seier helse- ogomsorgsminister Anne-Grete Strøm-Eriksen. Utvalet skal levere si innstillinginnan 10.06.11. Eit viktig omsyn i utgreiinga vil, etter som eg forstår, blikorleis pårørande, og då ikkje minst kvinner, lettare skal kunne kombinereyrkesaktivitet med omsorgsarbeid. Det er å vone at dette statlege utvalsarbeidet fører til at vifår eit klårare og betre regelverk når det gjeld omsorgslønn. Omsorgslønnsmottakaranefortener høgda status og ei anstendig lønn! Johs. J. Vaag Folkevald og tillitsvald i frivillige organisasjonar |